Gaularspelet "Kjærleikssaum" og Vikingfestival - Dagspass søndag

Arrangementsinformasjon
Default file 1497466636

Gaularspelet vert framført på utescene på Osen Gard i Bygstad i Gaular Kommune. Spelet byggjer på historiske hendingar i Dalsfjordområdet i vikingtida mellom år 865 og 874. Desse hendingane var viktige ikkje berre i høve til maktkampen kring samlinga av Norge men i endå større grad busettinga på Island.

”Kjærleikssaum” er eit storslege drama om korleis det kan ha gått føre seg då Harald Hårfagre sende mennene sine til veitsle hjå Atle Jarl ”hin Mjove”(den smale) som styrte Firda og Sygnafylket for han. Om Ingolfr Arnarsson og syster hans Helga ”Den Fagre” som var lova til frenden Leif Rodmarsson, men som og Holmstein, son til Atle Jarl var hugteken av. Om korleis drapet på Atlesønene førde til at Ingolf og Leif vart dømde fredlause og reiste vest i havet til Island og slo seg ned der.

Gaularspelet feirar 30 årsjubileum i år, årets regissør er Torkil Sandsund, som også hadde regien ved førre oppsetjing til gode kritikkar.

Vikingfestivalen dannar ei flott ramme rundt Gaularspelet med omreisande vikingar, stands, matsal og aktivitetar for både store og små.

"Kjærleikssaum" har premiere laurdag 12. august kl. 18:00 og framsyningar søndag 13. august kl 13:00 og kl 16:00

Fullstendig program og anna informasjon finn du på gaularspelet.no

viking
vikingar
gaular
spel
teater
bygstad
sognogfjordane
gaularspelet
ingolfrarnarson
atlejarl